Vetlefjorden Idrettslag

 

Vetlefjorden Idrettslag vart stifta 29. januar 1939. Hendinga fann stad i Nytun Ungdomshus, og fyrste formannen i laget var Anton Frøysland. Den fyrste ideen var å skipa eit skilag, men etter mykje diskusjon vart ein samd om å stifte eit idrettslag. Det var 30 personar som teikna seg som medlemmar fyrste året. Årskontigenten var 1 krone for vaksne og 25 øre for born. 

Det har alltid vore god oppslutning innan idrett, til og med før ein stifta idrettslaget. Idrettslaget arrangerte skirenn, friidrettsstemne og anna idrettsaktivitetar. Dei inviterte andre lag og konkurrerte mot dei. Då krigen braut ut, kom all organisert idrett i vanskar. Dei unge ville drive idrett, men var klar over situasjonen. Det vart likevel drive idrett, men berre på lokalt plan. Då freden kom i 1945, kom alt organisert idrettsarbeid i gang att. Laget melde seg inn i Sogn Skikrins og Sogn og Fjordane Idrettskrins. Fyrste vinteren etter krigen var det stor aktivitet, der folk var med på ulike arrangement rundt omkring. Men i tida 1947-50 fekk aktiviteten ein brå slutt. Mange reiste vidare på skule medan andre måtte gjere militærteneste. Dei som var att i bygda prøvde å halde det gåande. Dei arrangerte skirenn kvar vinter, men berre for medlemmane i laget. Frå 1950 og utover vart det meire stabile tilhøve. 

I 1979 kjøpte Idrettslaget sin fyrste snøscooter og 11. desember 1986 vart Grendahuset i Vetlefjorden offisielt opna. Laget fekk då nøkkelen til huset overrekt som ny formell eigarar frå Sogn og Fjordane Energi, som hadde bygt og nytta huset som administrasjonsbygg under Vetlefjordutbygginga. Namnet på huset, Grendahuset, vart vedteke på årsmøtet 17. januar 1987. 

 

Vetlefjorden Idrettslag har i 2015 130 medlemmar. Hovudaktiviteten i laget er drift av Grendahuset inkludert eit velutrusta treningsrom, lysløypa i Trolløyane og arrangement av fjelltrim med postar plassert rundt om i Fjordane for å fremje aktivitet. 

Share Fjordane on:

Flytt til Fjordane - Flytt til Sogn og Fjordane   

Move to Fjordane - Move to Norway 

Zieh nach Fjordane - Auswandern nach Norwegen

 

Find us on INSTAGRAM @Fjordaneorg

#fjordaneorg

#flytttilfjordane

#movetofjordane

#ziehnachfjordane

Fjordane

6899 Balestrand

N- Norway

Email: info@fjordane.org

www.fjordane.org