Fjordane skyttarlag vart oppretta i 2010, og er ei samanslåing av dei tidlegare skyttarlaga Vetlefjorden og Sværefjorden.
Laget er i stadig vekst med omtrent 100 medlem, der dei aller fleste er jegarar. Det er organisert treningsaktivitet innandørs i vinterhalvåret, medan me samarbeider om treningsaktiviteten
utandørs, samt jaktprøver, ilag med dei andre skyttarlaga i kommunen.
Fjordane skyttarlag har eit nytt elektronisk anlegg for innandørsskyting i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. Det er montert 5 elektroniske skiver med heis. Her er romslege fasilitetar, og gode
parkeringstilhøve.
Av andre aktivitetar kan nemnast lagsstemner i miniatyr, felt og bane. I tillegg arrangerer me jaktfeltstemne, skyting på dyrefigurar. Me avsluttar som regel året med ein skyttarfest i
Grendahuset, med både mat og dans.
Utandørsbana vår er Esebotn skytebane, og er eit sameige av dei tre skyttarlaga i kommunen, Balestrand, Nesse og Fjordane. Alle laga har representantar i eit eige banestyre.
Esebotn skytebane er stadig i utvikling. Det vart nyleg investert i nytt kulefang og elektroniske skiver på 100m. Her er det plass til maksimalt 8 skiver, medan det kan plasserast 12 skiver på
200m.
Det nye skyttarhuset stod ferdig i 2006, og rommar kontor, opphaldsrom, kjøkken og toalettfasilitetar. Lokalet er mogeleg å leige