Bygdefolket i Vetlefjorden og Sværefjorden ville ha eit felles talerøyr ut av bygda, retta mot kommunepolitikarane. Dermed vart Fjordane Grendalag skipa 16. mars 1994. Vedtektene til laget vart
vedtekne på eit grendamøte på Fjordtun skule 21. november 1994. Medlemmar av laget vart sagt å vere "dei som bur i eller føler seg knytt til bygdene Sværefjorden og Vetlefjorden". Eit styre vart
valt og laget sitt namn vart vedteke; Fjordane Grendalag.
Fjordane Grendalag fremjar Fjordane sine interesser og har mellom anna jobba med saker som rassikring av vegen mellom Dragsvik og Vetlefjorden, tidlegare opning av Gaularfjellet, hindre flytting
av elevar ved Fjordtun skule til sentrum og bru over / utbetring av veg rundt Esefjorden. Fjordane Grendalag har delteke i eit 3årig bygdeutviklingsprogram og i 1998 fekk grendalaget
tildelt Noregs Bygdekvinnelag sin ”I-farta-pris” for stort engasjement i bygda.
Av arbeid som er lagt ned er det blant anna etablert byggefelt på Grønund, badeplass på Stølsberg med utetoalett, jobba for turisme og tilflytting og denne internettpresentasjonen av og for
bygdene.