Aktivitetar & Aarrangement i Fjordane

Flytt til fjordane

Den vakre og ville naturen som finst i Fjordane er noko som folk i bygdene og tilreisande set stor pris på og nyttar ofte. Her finst både kortare og lengre turstiar, mange av dei etterkvart godt oppmerka og godt tilrettelagt. Ein kan vandre langs fjordstiar, opp gjennom slake eller brattare lier, passere ulike dalføre, og vidare høgare til fjells. På vegen kan ein nyte medbrakt nistepakke og drikke på eldre og nyare stølsområde, beundre utsikta mot blåe fjorden som buktar seg inn i nye fjordarmar, sjå fritidsbåter og større cruiseskip som passerer langt der nede.

Er turformen god, kan ein fortsetje innover fjellrygger og nye toppar og oppleve eit flott skue viden utover mot fjord, fjell og brearmar i det fjerne. 

Føretrekkjer ein lettare og rolegare turar kan ein køyre opp på Gaularfjellet og velje ulike turmål derifrå. Vandre innover dalar og opnare tur -og fjellområde, passere større og mindre elevar og fjellvatn, høyre bjelleklang av beitande sauer i fjellsidene, eller sjå krøtter som ligg roleg på stølsenga og hjortar. Har ein lyst på ein lengre dagstur, kan ein velje ruter som endar opp på Dale eller i Sværefjorden, eller gå i retning Sunnfjord og Haukedalen.

Køyrer ein oppover dalføret frå Dale i Sværefjorden, kan ein vandre vidare mot Påfunn og Erlingbu. Derifrå kan ein velje ulike ruter både mot Balestrand og Gaularfjellet. Her kan ein oppleve trange dalar og djupe vatn, nakne og steinete fjellområde, endåtil passere breområde. Startar ein fremst i dalbotnen i Vetlefjorden, kan ein gå oppover mot Grøndalen,gjennom Jordalen og kome til Jordal og nabobygda på andre sida av fjellet, Fjærland. Her passerer ein fleire stølsområde, fjellvatn,lange,slake dalar og grøderike beiteområde.

Vetlefjorden idrettslag har eiga turgruppe som årleg set opp ulike turforslag ein kan nytte stort sett gjennom heile året. Folk som bur i bygdene er aktive i alle aldrar og set fysisk aktivitet og helse høgt i kvardagen. I Grendahuset er det såleis også lagt til rette for samlinger for eldre og pensjonistar med vekt på trim og sosialt fellesskap.

- Turløype og Trimposter

- Skytting

- Tour des Fjords

- 17.Mai Nasjonaldag

- Lucia

- Juletrefest

- Bygdakafe

- Torgdag

- Strikketreff

- St. Hans Feiring

- Fastelavens

- Skiløype Langrenn

- Søndagskule

- Klatrepark

- Dugnad

- Ramsløk, Blåbær, Sopp

- Balejazz

- Jakt

- April / Mai Lamming

- Frukt / Syltetøy  

- Fruktblomstring

- Seniortrim

- Trugelag

- Balestrand Opp

- Esefjorden Rundt

- Skyttarlag Feiring

- Merkedag (Vårdag: Viper)

- Fiske i elva

- Fiske i fjorden

- Isbading (for spesielt interesserte)

- Fjellhytter

- Vårskitur

- Telemark -Frikjøring - Randonee

- sykler (Tour des Fjords)

- Utsikten

- Nasjonal Turistvegen

- Gaularfjell Fossestien

- Keipen

- 4H

 

Share Fjordane on:

Flytt til Fjordane - Flytt til Sogn og Fjordane   

Move to Fjordane - Move to Norway 

Zieh nach Fjordane - Auswandern nach Norwegen

 

Find us on INSTAGRAM @Fjordaneorg

#fjordaneorg

#flytttilfjordane

#movetofjordane

#ziehnachfjordane

Fjordane

6899 Balestrand

N- Norway

Email: info@fjordane.org

www.fjordane.org