Barnehagen - Fjordtun Oppvekstsenter

 

Fjordtun Oppvekstsenter ligg på Thorsnes i Sværefjorden ca 10 km frå Dragsvik. Til kommunesenteret i Balestrand er det 20 km.

Fjordtun har skule og barnehage for Sværefjorden og Vetlefjorden. Tidlegare hadde desse grendene kvar sin skule. I 1972 vart det bygd ny skule på Thorsnes, og krinsane vart slegne saman.

På 80-talet vart det starta barnehage i gymsalen på Fjordtun. I 1991 flytta barnehagen inn i nye lokale i kjellaren. På slutten av 90-talet vart barnehagen og skulen slegne saman til eit oppvekstsenter, og det vart tilsett rektor for senteret.

No er det barnehage, SFO og skule ved senteret. Det er barnehage for aldersgruppa 1 - 5, og skule for 1. - 7. klasse.

I år går elevane frå 5. til 7. klasse på Sagatun, og vi har ingen elevar i 3. og 4. klasse. Så nett no har vi berre 1.- og 2. klassingar.

Barnehagen og skulen har eigne mål og separate arbeidsplanar / timeplanar. Men som vanleg på oppvekstsenter er det og lagt opp til ein del felles aktivitetar. Vi har mellom anna nokre fellesmåltid, vi treffest dagleg ute, er i lag på korte turar i nærmiljøet (t.d. ekskursjon i fjøra, bærplukking). Vi samarbeider om torgdagane, har felles juleverkstad og bakedag før jul. Borna bidreg og med litt program på 17. mai-feiring og juletrefest.

Her er heimesida til oppvekstsenteret: Klikk her

Share Fjordane on:

Flytt til Fjordane - Flytt til Sogn og Fjordane   

Move to Fjordane - Move to Norway 

Zieh nach Fjordane - Auswandern nach Norwegen

 

Find us on INSTAGRAM @Fjordaneorg

#fjordaneorg

#flytttilfjordane

#movetofjordane

#ziehnachfjordane

Fjordane

6899 Balestrand

N- Norway

Email: info@fjordane.org

www.fjordane.org